Oppforing av lam

Under "les mer" ligger det informasjon om foring av slaktelam som er et aktuelt tema nå.

 

 
 
Vanlegvis er det behov for oppfôring av slaktelamma etter at dei kjem ned frå fjellet. I tillegg til godt håbeite bør ein bruke noko kraftfôr i denne perioden.
 
Drøv Lam er ei kraftfôrblanding med ei samansetning som gjør at lamma kan tåle store mengder kraftfôr - også appetittfôring. Drøv Lam inneheld mindre stivelse og meir NDF (fiber) enn de andre drøvtyggarfôrblandingane våre. Dette er blant anna oppnådd ved innblanding av roesnittar. Husk at appetittfôring med kraftfôr vil redusere opptaket av grovfôr.
 
Drøv Høgenergi er eit aktuelt fôrslag. Det har høg energikonsentrasjon og høveleg proteininnhald. Bruk gjerne kross då det gir meir fiber og struktur enn vanleg pellets. Drøv Høgenergi er ikkje så godt egna til appetittfôring som Drøv Lam.
 
Anbefalte kraftfôrmengder til sluttfôring av slaktelam vil vere 0,5-1,0 kg pr dag. Det er viktig med gradvis tilvenning. Ein vil oppnå ”riktig” slaktevekt ved slakting når levandevekta er rundt 45-50 kg. Ei godt råd kan vere å slakte ut alle slaktelam som er tyngre enn 43-45 kg når dei kjem frå fjellbeite, og fôre vidare dei som er lettare.